Tilbake til alle arrangementer

Kveldsyoga i Heggjabygda

  • Heggjabygda Gjestegard 881 Heggjabygda Nordfjordeid, Vestland, 6774 Norway (kart)

Velkomen til eit nytt år og nye arrangement på Heggjabygda Gjestegard!

Vi ser frem til det nye året og har starta å planleggje årets yogatimer, retreats og andre arrangement. Vi ønskjer å ha eit jamnt yogatilbod på anna kvar sundag framover, for å gjere det meir fast, forutsigbart og gi høve til å kjenne jamn framgang. I den nye salen vår på 55 kvadratmeter som sto klar i september, er det godt og varmt, sjølv om det er kaldt ute.

Om yogatimane
Yogatimane skal passe for alle, også for nybyrjare. Vi fokuserer på rolege og dynamiske rørsler. Pust, meditasjon og avspenning er sentralt i timen. Etter timen er du velkomen til å bli igjen for ein kopp te og ein hyggeleg prat.

Påmelding
Meld deg på ved å sende SMS til Marte (900 79 985), Mikael (452 53 494) eller via nettsida. Påmeldingen er bindande. Timen kostar 150 kr for vaksne (over 16 år) og 100 kr for born og unge.

Vi gjennomfører så lenge det er minst 3 påmelde på yogatimane.

Påmeldingsfrist innan kl. 21.00 dagen i forveien (pga. oppvarming av lokale).

Vi har det som trengs av yogautstyr. Det einaste du treng å ta med er komfortable klede.

Kom som du er - alle er velkomne!

Forrige
Forrige
13. januar

Flow yoga på Hamna

Neste
Neste
20. januar

Ashtanga yoga på Hamna